Spådama i 7B: Ei spennande og dramatisk bok om venskap

Spådama i 7B av Harald Nortun er ei morosam bok som handlar om å vere ny i klassen.

Nina går i sjuande klasse og har nettopp byrja på ein ny skule for fjerde gong. Allereie i den fyrste timen «spår» Nina noko som går i oppfylling. Rykta om ei spådame spreier seg på skulen og heilt heim til Nina sin familie. På skulen blir det mykje styr, og elevane deler seg inn i fleire «lag». Men kan Nina verkeleg spå? Og klarar ho å halde det skjult for foreldra sine at det er ho som er spådama i 7B, samtidig som ho prøver å vikle seg ut av klisteret?

Spådama i 7B av Harald Nortun er ei morosam bok som handlar om å vere ny i klassen, om venskap, og om gutar med dyreøyre på hovudet som dansar i turkise boksarshortsar. Personleg synast eg det blei litt mykje drama i starten, der alt gjekk dårleg. Men ikkje lat det stoppe deg – hald ut til omlag midten av boka, så blir alt betre. Passar for alle mellom 10-14 år.

Les intervju med forfattaren her!

Bok: Spådama i 7B
Forfattar: Harald Nortun
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2020
Sider: 135
Passar for: 10-14 år

Andre bokmeldingar