Skatehunden

Dette er den andre boka om Amika og Bård.

Bård er ikkje som andre hundar, for Bård er kjempeflink til å skate. Amika og Bård er ofte ute og triksar på rullebretta sine, og ein dag møter dei ei dame som spør om Bård vil vere med i ein skatekonkurranse.

Den store premien i konkurransen er ei diger bøtte full av kjøtbein! For dei aller fleste hundar ville dette vore ein skikkeleg flott premie, men ikkje for Bård. For Bård liker ikkje kjøtbein. Han vil heller ha banan. Så korleis skal dette gå?

Dette er den andre boka om Amika og Bård.

Bok:
Forfattar: Ida Eva Neverdahl
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2022
Sider: 35
Passar for: 6-9 år

Andre bokmeldingar