Ørn

Sam er ein forsiktig gut som likar aller best å vere i lag med den gule undulaten sin, Ørn. Heime kjenner han seg trygg, og saman med Ørn er det aldri kjedeleg å vere inne. Når pappa seier han må gå ut og leike med dei andre ungane, snik Sam seg inn igjen. Ein dag ser Sam ut vindauget og får auge på ei jente han ikkje har sett før. Han blir varm i hjartet av henne. Men, plutseleg flyg Ørn ut vindauget, og Sam må ut og leite.

Handlinga er spennande, og oppmuntrar lesaren til å vere modig og forsvare dei som er åleine og redde. Kanskje ein blir tøffare og tryggare på seg sjølv også då?

Utdrag frå boka:

Bok:
Forfattar: Martine Grande
Forlag: Det Norske Samlaget
Utgjevingsår: 2021
Sider: 36
Passar for: 3-9 år

Andre bokmeldingar