«Supertorsken»: Set norgehistoria i nytt lys

Om du ikkje visste noko om torsken frå før, veit du i alle fall litt etter å ha lese Supertorsken.

Lise I. Osvoll, både forfattar og illustratør, tar oss med på ei spennande reise gjennom Noregs historie, og viser oss at det faktisk ikkje var olja som bygde landet vårt, men torsken.

Torsken har vore ein del av maten vår i tusenvis av år. Heilt tilbake til steinalderen har ein funne spor av fiske.  Tørrfisk har lenge vore ein viktig handelsvare for Noreg, og er i mange land eksklusiv mat. Folk bytta til seg alt mogleg rart mot den dyrebare torsken.

Nidarosdomen er bygd på torskepengar, og kystbyar som Bergen, Ålesund og Kristiansund ville ikkje vakse seg på langt nær like store, hadde det ikkje vore for torsken.  Korleis ville Noreg vore i dag om det ikkje hadde vore for han?

Boka er fortalt på ein enkel og morosam måte. Det er ikkje mykje tekst på kvar side, og bileta tar stor plass. Illustrasjonane er underhaldande, og gir historia eit ekstra piff. Det er putta inn eit par faktaboksar her og der med morosame fakta. Boka passar kanskje best for born frå sju år og oppover, men eg trur også vaksne kan ha glede av henne.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Eirin Støfringsdal her: – Eg er frykteleg glad i Harry Potter!

Bok: Supertorsken
Forfattar: Lise I. Osvoll
Forlag: Cappelen Damm
Sider: 41
Passar for: 6-11 år

Sjanger: sakprosabok

Andre bokmeldingar