Kampen

I løpet av nokre utfordrande sommardagar må Andreas bli kjend med seg sjølv på nytt.

I Kampen møter vi Andreas som er 11 år. Handlinga går føre seg i ei lita bygd, og det er sommarferie. Andreas gler seg til å spele fotball saman med besteveninna Sara og nokre andre frå klassa. Plutseleg dukkar det opp ein ny gut som heiter Viljar.

Andreas kjenner at han blir rar og varm når Viljar er i nærleiken. Samstundes får Andreas fleire hjartemeldingar frå Sara. I løpet av nokre utfordrande sommardagar må Andreas bli kjend med seg sjølv på nytt.

FORFATTARINTERVJU: Geir Egil har skrive barnebok om homofili

Bok: Kampen
Forfattar: Geir Egil Eiksund
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2021
Sider: 121
Passar for: 5-9 år

Andre bokmeldingar