«I morgen»: Forsinka bursdagshelsing får historia i gang

I morgen er Caterina Cattaneo si sjette bok.

Dei to hovudpersonane i boka I morgen, kjærasteparet Ingrid og Andreas, fortel annakvart kapittel. Begge to har sterke meiningar om korleis den andre skal oppføre seg og reagere, noko som ofte fører til konfliktar. Ein får eit godt inntrykk av kva dei ikkje likar med kvarandre, og kvifor. Heile historia skjer i løpet av éin dag, frå då Ingrid vaknar, til eit vors ganske seint på kvelden.

Dagen det heile skjer på, er 18-årsdagen til Andreas. Ingrid har hatt overnattingsbesøk av bestevenninna Evelina, og har gløymt å sende gratulasjon rett etter midnatt. Dette er eigentleg grunnlaget for heile konflikten, som utviklar seg til noko mykje større enn berre ei forsinka gratulasjonsmelding.

Caterina Cattaneo har skrive ei bok som mange kan kjenne seg att i. Både Ingrid og Andreas har noko dei irriterer seg over med den andre, og det skapar sjølvsagt problem. Slutten på boka er veldig uventa og brå, og ein lurer på kva som skjer vidare. I morgen passar for ungdommar i alderen 13 år og oppover. Det går ganske fort å lese boka, og kapitla er korte.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Sunniva Tonning her: For at eg skal like ei bok, må ho innehalde gode skildringar, variert språk, litt humor og ikkje minst må ho vere spennande, gjerne litt heile tida.

Bok:
Forfattar: Caterina Cattaneo
Forlag: Gyldendal
Utgjevingsår: 2019
Sider: 215
Passar for: 13-15 år

Andre bokmeldingar