Fotball til frukost, fotball til kvelds
Dette er boka for deg som elskar å bli inspirert av fotballstjerner.
Boka handlar om Cristiano Ronaldo dos Santos Aveiro sin barndom og oppvekst. Du får følgje Cristiano Ronaldo dos Santos Aveiro si reise frå første til siste fotballklubb.
Han har spela på mange klubbar, for eksempel Real Madrid og Manchester United.
I boka står det at Ronaldo fekk mange vener, ein av dei var den kjende fotballspelaren Pepe.
Eg synest at boka var bra. Eg likar å høyre sanne historiar. Dei inspirerer meg og gjev meg kjensla av at eg kan gjere det samme som Ronaldo. Det kan vere gøy å høyra sanne historiar, det synest i alle fall eg.
Eg anbefalar boka til 10 til 13-åringar.
Bok: Megastjerner: Cristiano Ronaldo
Forfattar: Steen Stokholm
Forlag: Boing, Stabenfeldt Forlag
Utgjevingsår: 2012
Sider: 52
Passar for: 10-13 år