Gamer

Intens thriller når ting startar å skje utanfor dataspelet.

identicon
Tysdag 31. mai 2022

Gamer handlar om ein venneflokk som speler det nye og populære pc-spelet War of Faluza. Saman stig dei i gradene og gler seg til den dagen då dei kan starta på å kjempa om store pengepremiar.

Når dei møter motgang i spelet, byrjar ting å skje også utanfor spelet. Hovudpersonen opplever at nokon følgjer etter han på gata, og hackar seg inn på datamaskina hans. Situasjonen blir svært farleg.

Kven kan ein eigentleg stola på? Kven er farlegast? Dei virtuelle vennene, eller dei verkelege?

Bok:
Forfattar: Tor Arve Røssland
Forlag: Mangschou
Utgjevingsår: 2011
Sider: 137
Passar for: 12-15 år

Andre bokmeldingar