Hyttemysteriet

Dette er den andre boka i spenningsserien om Stian og Stine.

Denne gongen oppsøkjer Stian ei gammal, forfallen hytte i skogen. Ein gong skjedde det eit mord i hytta, eit mord som ikkje vart oppklara. Det er noko mystisk med hytta, og saman med Stine bestemmer Stian seg for å finne ut kva det er. Kven er mannen som ser ut til å bu der? Har han noko med drapet å gjere?

Det skjer mykje som gjer at Stine er oppteken, og Stian er ikkje alltid begeistra over prioriteringane hennar. Han nøstar i trådane til mysteriet på eiga hand. Men er det lurt å løyse mysterium åleine når ein har med ein potensielt farleg mann å gjere? Både Stian og Stine opplever litt meir spenning enn dei hadde tenkt på førehand.

Bok:
Forfattar: Magnhild Bruheim
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2015
Sider: 212
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar