På fire bein – Der

«På fire bein» handlar om Vesle Rev og Store Villsvin som lever kvar for seg sjølv, men som slår seg saman og går vidare i det ukjente.

identicon
Måndag 20. juni 2022

Denne første boka i serien På fire bein har fleire fine forteljingar om venskap. Med få ord formidlar boka store verdiar. Illustrasjonane i boka er fint handmåla med akvarellar.

Berenika har fått fleire prisar i Polen for beste teikneserie for barn i 2018, 2019, 2020, 2021. Boka er varmt tilrådd for både dei som kan lesa og dei som enno ikkje er heilt stø i heile alfabetet.

Bok:
Forfattar: Berenika
Forlag: Andersens forlag
Utgjevingsår: 2022
Sider: 56
Passar for: 3-8 år

Andre bokmeldingar