Fugleguten

Sterk historie om Lukas, som prøver å finne sin plass i verda, i familien og blant vennene.

Lukas trur at mamma er mest glad i veslesøster Alma. Og når Lukas ikkje oppfører seg, må stakkars pappa kjefte på han. Den fæle Lukas. Det er alltid noko med Lukas.

Heller ikkje bestevennen Nico er alltid så grei. Men ein dag møter Lukas ein annan gut med eit heilt spesielt kjæledyr. Ei svart kråke.

Kva er det med denne guten? Og kva skjer om Lukas òg får seg ein fugl? Vil alt bli annleis då?

Bok: Fugleguten
Forfattar: Rune Belsvik
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2019
Sider: 103
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar