Det runde problemet

Robert kjenner på seg at alt ikkje er slik som det skal vere.

Alt er berre rot. Ikkje høyrer han fuglesongen eller vekkarklokka. Ikkje ser han rotet rundt seg eller blåfargen på himmelen. Det er noko viktig som manglar, han kjem berre ikkje på kva det er.

Då han snublar i ei rund greie som ligg på golvet, skjønar Robert at han har eit problem. Men kva kan den runde greia brukast til, eigentleg?

Å miste kroppsdelar er noko som vanlegvis er nokså dramatisk og kritisk, men i denne boka er det heilt uproblematisk og naturleg.

Bok:
Forfattar: Vegard Markhus
Forlag: Aschehoug
Utgjevingsår: 2019
Sider: 36
Passar for: 3-9 år

Andre bokmeldingar