Absolutt Pode

I denne boka er det seks forteljingar om Pode, familien hans og bestekompisen Anton.

Det er også ei forteljing om korleis forfattaren fann opp universet til Pode, og korleis dei fantasifulle og sprelske forteljingane kom til. Her kan vi også lese om kven som er inspirasjonskjelda for den ufyselege storebroren Pyton, den snusfornuftige og veslevaksne søstera Petra, foreldra deira, og dei andre karakterane i bøkene. Boka har mykje humor og korte kapittel.

Boka inneheld:

Pode
Seksåringen Pode må ete opp middagen sin for at det skal bli fint vêr dagen etterpå.

Podekast
Pode risikerer livet når turistsjefen vil underhalde gjestene på ferie til Guatemala.

Pode mister fotfestet
Kva skjer når ein mister fire framtenner samstundes?

Anti-Pode
Pode feirar jul.

Pode får snue
Pode får høysnue, og i tillegg er nokon etter han.

Da Vinci-Poden
Pode er i naud på eit kunstmuseum, men får uventa hjelp.

Bok:
Forfattar: Tor Arve Røssland
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2020
Sider: 422
Passar for: 5-9 år

Andre bokmeldingar