Bestem deg, Tony T, bestem deg!

Spennande og lettlesen historie om viktige val i livet.

Tony T. og kusina Silja er begge på ferie hos farfar. Silja er modig og liker veldig godt å dykke, og ho meiner at Tony T er veldig treig og aldri kan bestemme seg. Silja kjem med eit kart som farfar seier viser kvar det finst eit vrak. Silja liker å dykke på vrak.

Dagen etter er Tony og farfar ute i robåten då ein båt kjem mot dei i full fart. Det er ein politibåt som leitar etter ein sakna gut som hoppa frå hurtigbåten to dagar før.

Kvar er det blitt av han? Og kva er det eigentleg som hender oppe på loftet? Kvifor vil ikkje Silja la Tony gå dit opp aleine? Er farfar verkeleg så dårleg i auga som han seier?

Bok:
Forfattar: Erna Osland
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2017
Sider: 118
Passar for: 9-13 år

Andre bokmeldingar