Vemmelege vers

Festleg bok som tek føre seg seks kjende eventyr, men med ein vri og eit innhald som er noko anna enn dei vi kjenner frå før.

I denne boka møter vi både Askepott, Snøkvit, Gullhår og prinsar, men alle er annleis enn slik vi kjenner dei frå eventyra. Alt er skrive på rim, og handlinga føregår i vår tid.

Faren til Snøkvit lagar til dømes ein profil på dating-appen Tinder, og Raudhette ventar ikkje på at ein jeger skal kome å redde henne frå ulven. Ho tek saka i eigne hender. Askepott viser stort pågangsmot og meiner den gode fea bør ringe ein taxi når ho skal på ball.

Boka tek føre seg seks kjende eventyr, men med ein vri og eit innhald som er noko anna enn dei vi kjenner frå før. Ei festleg bok!

Bok:
Forfattar: Roald Dahl
Forlag: SolumBokvennen
Utgjevingsår: 2016
Sider: 64
Passar for: 6-12 år

Andre bokmeldingar