Bokmelding: Eg er V-Vida
Ei rørande og spennande bok om mobbing, venskap og mot
Boka Eg er V-Vida handlar om 13 år gamle Vida. Ho stammar, og det gjer kvardagen vanskeleg. Særleg tungt er det at ho ikkje eingong klarar å seie sitt eige namn utan å stamme. Mange av elevane i klassen er stygge mot henne og gjer narr av måten ho snakkar på. Heldigvis har Vida ei god veninne som heiter Siri. Siri støttar henne og får henne til å føle seg trygg.
Livet til Vida blir snudd på hovudet då Siri flyttar til Bergen. Samtidig skal Vida byrje i 9. klasse, og ho kjenner seg meir usikker enn nokon gong. Utan den beste venninna si fryktar ho at alt skal gå gale. Ho gruar seg til nye situasjonar, nye menneske og til å måtte snakke framfor andre utan å ha Siri ved sida av seg.
Gjennom boka får vi følgje Vida sine tankar og kjensler. Ho kjenner på både frykt, skam og einsemd, men òg håp og mot. Forfattaren skildrar på ein truverdig måte korleis det er å vere annleis, og kor vondt mobbing kan vere.
Samstundes viser boka kor viktig vennskap, støtte og sjølvtillit er.
Eg synest boka er både rørande og spennande. Ho tek opp viktige tema som mobbing, vennskap, identitet og det å tørre å vere seg sjølv.
Vida er ein karakter det er lett å få sympati med, og eg heia på henne gjennom heile historia. Språket er lett å lese, og handlinga gjer at ein får lyst til å lese vidare.
Bok: Eg er V-Vida
Forfattar: Tone E. Solheim
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2024
Sider: 8
Passar for: 10-13 år