Aldri fred å få

«Aldri fred å få» er ein oppfølgjar til boka «Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen».

Vi møter igjen Dagny, bestevenninna Belinda, Kalla, Perry og Guldis og alle dei andre dei siste åra av andre verdskrigen. I denne boka får vi svar på ein del av spørsmåla frå den første boka, og vi får også bli med på den store feiringa då krigen tok slutt.

Boka vekslar mellom å fortelje historia til Dagny i notid og Dagny på mormor si tid. Det er utfordringar i begge tidsepokane, og det er spennande å lese om.

Under krigen må Dagny til dømes springe med pakkar frå og til oldemor, pakkar med hemmelege meldingar. Ein gong såg dei også ein mager mann med store auge i loftglaset. Alt dette er best å ikkje snakke høgt om. Det er farleg, særleg i ei bygd med mange tyske soldatar.

Den største uroa knyter seg til ein stor pakke som Kalla og Dagny finn i fjøra. Pakken inneheld både farlege og hemmelege gjenstandar, og må gøymast på ei fjellhylle. Vil pakken bli oppdaga, og kva vil skje då? Kalla håpar å gjere slutt på verdskrigen heilt åleine, men klarer han det?

Bok:
Forfattar: Ingunn Røyset
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2015
Sider: 245
Passar for: 10-13 år

Andre bokmeldingar