10 ville ekspedisjonar

Menneske har alltid ønskt å flytte grenser og finne svar.

I boka får vi høyre om sju menn og tre kvinner som var oppdagarar, forskarar eller ekspedisjonsleiarar:

Neil Armstrong var førstemann på månen.

Alan Eustace vart dregen 40 000 meter opp i lufta og let seg falle mot jorda.

Fridtjof Nansen reiste på polarekspedisjonar.

Amelia Earhart var den første i verda til å fly over Atlanterhavet to gonger.

Dian Fossey levde tett på fjellgorillaar i ein nasjonalpark i Rwanda i Afrika.

James Cameron har dykka til verdas djupaste havbotn.

Ellen MacArthur segla jorda rundt åleine i ein seglbåt.

Apa Sherpa er den som har vore flest gongar på Mount Everest.


Gennadij Samokhin er holeforskar og har dykka ned til verdas djupaste grotte.

Thor Heyerdahl segla nesten 8000 km over Stillehavet på Kon-Tiki-flåten.

Oftast høyrer vi om dei vellykka ekspedisjonane, dei som lykkast i å kome heilt fram eller setje rekorden dei håpa på. Men mange når ikkje målet. Fridtjof Nansen nådde ikkje fram til Nordpolen slik han hadde planlagt. Andre kjem aldri tilbake.

Kvar historie er skildra slik at ein berre må lese ho ferdig før ein legg frå seg boka. Det, saman med dei gode illustrasjonane, gjer at vi føler vi er med på ekspedisjonane.

 

Bok:
Forfattar: Pia Strømstad
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2018
Sider: 61
Passar for: 10-13 år

Andre bokmeldingar