Sommarvarme og minusgrader same morgon

I Bergen var det over 19 grader. I Folldal var det minusgrader. Begge temperaturane blei målte klokka sju onsdag morgon.

Onsdag 30. september starta med sommarvarme fleire stader på Vestlandet. I Bergen var det 19,2 grader klokka sju. På same tid var det minus 2,4 grader på ein målestasjon i Folldal i Innlandet, skriv VG.

Det var meir enn 21 grader forskjell!

Kvifor blei det så varmt?

Meteorologisk institutt fortel at ein varm vind kom til Vestlandet i løpet av natta. Han blir kalla fønvind.

Når luft strøymer over fjell og ned på den andre sida, blir ho pressa saman. Då blir lufta varmare. Fønvinden er både varm og tørr, forklarar Store Norske Leksikon.

Slik kan det bli varmt sjølv om det er haust.

Meteorolog Julie Solsvik Vågane seier til VG at det er varmare i Bergen enn det pleier å vera på denne tida av året.

– Me ligg godt over det som er normalen for slutten av september, sjølv om det ikkje er rekord, seier ho.

Både varmt og kaldt

Klokka ni hadde temperaturen i Bergen stige til 21 grader.

Samstundes hadde fleire stader i Innlandet, Telemark og Nordland hatt minusgrader denne morgonen. Ingen av stadene med minusgrader låg i låglandet.