Ein deepfake er eit bilde, video eller lydopptak der ansiktet eller stemma til ein person er bytta ut. Dette blir gjort ved hjelp av kunstig intelligens og målet er at det ser ut som at ein person gjer eller seier noko dei aldri har gjort.
Deepfakes er ofte falske lydopptak eller videoar av politikarar eller andre kjente personar som seier og gjer ting som vekkjer stor merksemd.
I løpet av dei seks første månadane av 2026 har 420 britiske barn rapportert om bilde av seg sjølv på nett som dei meiner er falske («deepfakes»). Dette er ein stor auke samanlikna med 2025 da totalt 397 barn rapporterte om det same, skriv The Guardian.
Barna har rapportert desse bilda til The Report Remove Service – ei britisk teneste som jobbar med å fjerne skadeleg og falskt innhald på nett.
Kva kan vi gjere i Noreg?
I Noreg kan ein søke hjelp på slettmeg.no med å få sletta uønskt og krenkande innhald av seg sjølv på nett.
Vidare har KI-forskar Petter Bae Brandtzæg nokre råd om ein oppdagar eit falskt bilde av seg sjølv eller ein venn på internett.
– Ikkje del bildet eller videoen vidare. Ta skjermbilde som bevis og fortel det til ein vaksen med ein gong – foreldre, lærarar eller andre ein stolar på, seier forskaren til Framtida junior.






















