Forskarar ved University of Texas at Austin undersøkte kva som skjedde då ungdommar som vanlegvis droppa frukosten, byrja å eta om morgonen.
– Dette er ein av dei største, lengste og mest kontrollerte frukoststudiane som er gjorde blant ungdom. Funna våre tyder på at det å eta frukost, særleg mat med mykje protein, kan vera ein effektiv måte å betra næringsinntaket på, seier forskar Emma Rose Brown i ei pressemelding.
Ein av dei største frukoststudiane hittil
I studien deltok 128 ungdommar og unge vaksne mellom 14 og 21 år. Alle hadde for vane å hoppa over frukosten minst seks dagar i veka, skriv NRK.
Deltakarane blei delte i tre grupper: Éi heldt fram med å droppa frukosten, éi fekk frukost med rundt 15 gram protein, og éi fekk rundt 30 gram protein.
Protein er eit næringsstoff som kroppen bruker til å byggja og reparera mellom anna musklar, hud og andre delar av kroppen. Du finn protein i til dømes egg, fisk, kjøtt, mjølk, bønner og nøtter.
Studien varte i seks månader. Forskarane laga over 18.000 måltid med mellom anna burritoar, eggerøre og smoothie. Over 90 prosent av maten blei eten.
Fekk i seg fleire næringsstoff
Alle gruppene fekk i seg omtrent like mange kaloriar gjennom dagen. Men dei som åt frukost, fekk meir fiber, jern, sink og kolin enn dei som droppa frukosten. Fiber hjelper magen og fordøyinga, jern hjelper blodet med å frakta oksygen, sink hjelper kroppen med å veksa og lækja sår, og kolin er viktig for hjernen, nervane og levra.
Dei som fekk frukosten med mest protein, fekk også i seg meir protein, jern og kolin enn gruppa som fekk mindre protein.
Åt mindre søtt
Ungdommane som åt frukost, åt mindre dessert, søtsaker og godteri seinare på dagen. Dei som fekk 30 gram protein, fekk også i seg mindre tilsett sukker enn dei andre.
Forskarane fann dessutan at dei som åt frukost, åt mindre mat med mykje feitt og sukker gjennom dagen.






















