I år er fotball-VM større enn nokon gong før. For første gong deltek heile 48 lag i verdsmeisterskapen. Tidlegare har det vore 32 lag. Laga er delt inn i 12 grupper med fire lag i kvar gruppe, skriv Dagbladet.
Alle laga skal spela tre kampar i gruppespelet. Dei to beste laga i kvar gruppe går vidare til sluttspelet. I tillegg får dei åtte beste laga på tredjeplass også vera med vidare. Til saman går 32 lag vidare.
Blir spelt i tre land
VM blir arrangert i USA, Canada og Mexico. Det er første gong tre land samarbeider om å arrangera eit fotball-VM.
Turneringa startar 11. juni og varer heilt til finalen 19. juli. I løpet av meisterskapen skal det spelast heile 104 kampar.
Noreg er med
Noreg har kvalifisert seg til VM og skal spela i gruppe I saman med Frankrike, Senegal og Irak.
Mange norske supporterar håpar at stjerner som Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard kan hjelpa Noreg langt i meisterskapen.






















