Kina kuttar klimagassutslepp raskare enn dei har lova

Kina er det landet i verda som slepp ut aller mest klimagassar. No ser dei ut til å klare å kutte halvparten av utsleppa innan 2050.

Klimagassutslepp er når gassar som påverkar klimaet negativt blir slept ut i lufta. Det vil seie gassar som påverkar atmosfæren si evne til å halde på varme. Atmosfæren er eit lag av luft som ligg rundt jorda. Meir klimagassar i atmosfæren gjer at det blir varmare på jorda, og at klimaendringane blir større.

Kina er eit av verdas største land og det landet i verda der det bur flest folk. I tillegg blir ein veldig stor del av verdas varer produserte i Kina. Dette gjer at Kina slepper ut dobbelt så mykje klimagassar som noko anna land i verda, skriv The Independent.

Klimamål

I 2023 sette Kina seg eit mål om å kutte dei store klimagassutsleppa med 7–10 prosent innan 2035. No viser ein ny rapport frå forskarar i BloombergNEF at Kina vil kutte langt meir utslepp enn målet dei har sett seg.

Ifølgje rapporten vil Kina ha kutta 17 prosent av klimagassutsleppa sine innan 2035, og 50 prosent innan 2050.

Sidan Kina er det landet i verda som bidreg til mest klimagassutslepp, er det svært viktig for verdas klima at dei kuttar utsleppa sine.