KI-leiker kan påverke hjernen til barn

No kan ein kjøpe leiker med kunstig intelligens. Desse fryktar forskarar kan påverka hjerna til barn negativt.

Kunstig intelligens

Kunstig intelligens (KI) datamaskiner gjer eller seier noko utan at menneske har fortalt korleis dei skal gjere det. I staden etterliknar maskinene måten menneske ville gjort eller sagt noko på.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Nokre nye leiker med kunstig intelligens prøver å forstå korleis barn har det og seier ting dei trur barna treng å høyre. Gabbo er eit kosedyr som pratar ved hjelp av kunstig intelligens og er eit døme på ei slik leike.

Forsking frå Cambridge University i England har sett på korleis barn mellom tre og fem år oppførte seg saman med leika Gabbo, skriv BBC.

Leika svara rart

Forskarane såg mellom anna at leika kunne tru at eit barn er glad, sjølv om barnet eigentleg er trist. Leika kan også gi rare og upassande svar, i tillegg til å avbryte og snakke i munnen på barnet.

Forskarar seier at dette kan vere forvirrande for born, sidan leikane verkar smarte, men i røynda ikkje forstår menneske så godt. 

Fryktar dårleg påverknad

I alderen tre til fem år lærer barn seg korleis ein skal vere sosial og snakke med andre menneske. Forskarane fryktar at leiker som Gabbo kan påverke denne utviklinga negativt.

Forskarane meiner difor at leiker med kunstig intelligens burde ha åtvaring om mogleg negativ påverknad på barn under fem år. Dei rår også vaksne til å passe på når barn bruker slike leiker.