Henrik (11) utfordra ministeren etter dødsulukke

Ei dødsulukke i nærområdet fekk Henrik (11) i Barnas klimapanel til å spørja klima- og miljøministeren om kva regjeringa gjer for trygge skulevegar.

– Eg bur berre ti minutt å køyra frå skulen der ein 14-åring blei påkøyrt og døydde utanfor skulen. Eg lurer på kva regjeringa gjer for trygge skulevegar?

– Regjeringa har lagt til rette for å bruka meir pengar på vedlikehald av vegar, og på å gjera vegane tryggare, seier klima- og miljøminister Andrea Bjelland Eriksen (Ap).

– Det har vore ganske mange gode skular som har fått elevane til å ta sykkelknappen og me har jobba saman med kommunane for at fleire barn og unge skal gå og sykla til skulen. Det me veit, er at dei vanane du får som ung, tar du med deg til du er vaksen, seier Andreas Bjelland Eriksen.

Fredag 13. februar møtte Barnas klimapanel klimaministeren på kontoret hans, og hadde med seg fleire krav han.

Les også: Klimaministeren føreslo nordisk Barnas klimapanel

Fredag 13. februar møtte det nyvalte Barnas klimapanel klima- og miljøministeren. Frå venstre: Anna (14), Tyra Olivia (12), Henrik (11), Andreas (33) og Sander (13) og Rosalind (15). Foto: Svein Olav Langåker