I natt var det Super Bowl i USA. Det er den store finalekampen i amerikansk fotball. Kampen er ein av dei mest sette tv-sendingane i USA, og i pausen i kampen opptrer alltid ein artist.
I år var det artisten Benito Antonio Martínez Ocasio, kjent som Bad Bunny, som stod for pauseunderhaldninga. Han er frå Puerto Rico, ei øy som høyrer til USA.
Bad Bunny feira den latinamerikanske kulturen under det 14 minuttar lange pauseshowet. Ifølge BBC er han den første artisten til å berre synge på spansk under showet.

Ifølge Store norske leksikon er amerikanarar med opphav i Spania eller Latin-Amerika den raskast veksande folkegruppa i USA.
Bad Bunny avslutta showet ved å halde ein amerikansk fotball med teksten «Together, We Are America», som betyr «Saman er vi Amerika».
Og kven var det som vann fotballfinalen? Seattle Seahawks slo New England Patriots 29–13.






















