Kva skjedde i Israel 7. oktober, og kva skjer med Gaza no?

For to år sidan i dag utførte Hamas eit terroråtak mot Israel. Konsekvensen av åtaket er krigen som pågår i dag mellom Israel og Hamas.

7. oktober 2023 var ein skjebnesvanger dag i Israel. Då gjekk Hamas til åtak mot Israel og tok 251 menneske som gissel. 1200 menneske vart drepne i åtaket. Det førte òg til Israel si krigserklæring mot Hamas.

I løpet av krigen har minst 63 000 palestinarar blitt drepne, ifølgje FN-sambandet.

Stort sjokk

Marte Heian-Engdal er ein av Noregs fremste ekspertar på Midtausten. I dag fortalde ho til NRK nyheiter at 7. oktober utan tvil er den mørkaste dagen i Israel si historie.

– Det sjokket som dette var for Israel, men òg heile verda, at Hamas greidde å planlegge og utføre eit sånt type åtak rett under nasa på ein av verdas mest mektige og innflytelsesrike etterretningsorganisasjonar og sikkerheitsapparat, seier ho på radiokanalen.

48 gislar

USAs president, Donald Trump, la fram ein fredsavtale i slutten av september. I dag er andre dagen for forhandlingar rundt denne planen i Egypt.

Forhandlingane går føre seg gjennom mellompersonar frå USA, Egypt og Qatar, tre land som har jobba for å forhandle fram ei fredsavtale.

Eitt av dei viktigaste punkta på lista er å få tilbake gislane som vart tekne under terroråtaket 7. oktober. Det skal vere snakk om 48 personar. Av desse trur ein 20 framleis er i live.

Problemet

Det er to punkt som viser seg å vere vanskelege frå kvar side å bli einige om. For Israel handlar det om at dei ikkje vil trekkje seg heilt ut av Gaza. Dei vil ha ei «buffersone» – ei sone der dei kan vere til stades på Gaza for å trygge landegrensa inn mot Israel.

For Hamas handlar det om punktet som ber terrororganisasjonen om avvæpning. Altso skal dei ikkje lenger ha våpen, så dei ikkje lenger kan utgjere ein trugsel. Dette ser dei på som å skrive under på sin eigen dødsattest.