Forbodet gjeld om lag 140 bøker, mellom anna ei bok som handla om tryggleik på eit kjemilaboratorium.
Taliban seier også at lærarar ikkje får undervisa i fleire viktige fag lenger. Til saman er 18 fag forbodne, mellom anna fag om menneskerettar og seksuell trakassering. Menneskerettar er reglar som skal passa på at alle menneske blir behandla rettferdig. Seksuell trakassering betyr at nokon oppfører seg på ein ubehageleg måte mot andre, til dømes med ord eller handlingar som handlar om kropp eller kjønn, og som den andre ikkje likar.
Frå før har Taliban gjort det forbode for kvinner å ta universitetsutdanning.
Mange i verda er uroa for desse reglane, fordi dei gjer at jenter og kvinner ikkje får dei same sjansane som gutar og menn.