Livet på Bali: Intan (12) går på skule på laurdagar frå klokka 7

– Eg elskar kulturen vår, tradisjonane våre og strendene. Det einaste eg ikkje likar er plastskrapet, seier Intan (12).

Fakta om Indonesia
  • Innbyggarar: 284 millionar
  • Hovudstad: Jakarta
  • Storleik: 1 905 000 km²

LES FAKTALUKK FAKTA

Det bur fire millionar menneske på Bali. Kvart år besøker fem millionar turistar øya. Det gjer at det blir mykje bruk av eingongsplast.

Intan (12) og venene er søppelheltar og ryddar fleire av strendene på Bali for plast.

På måndag kunne du lesa om Intan (12) og venene som er søppelheltar og ryddar fleire av strendene på Bali for plast.

– Plast er veldig vondt for miljø, menneske og dyr. Sjøfuglar, skjelpadder, fiskar og andre havdyr festar seg i plastposar eller sluker plast og døyr, seier Intan.

Tidleg skulestart

Intan fortel om livet elles på på Bali. Her på øya går barna i skulen frå 07.00 til 13.00 frå måndag til fredag.

– Me går òg i skulen på laurdagar, men berre frå 07.00 til 11.00. Me får mykje lekser, men eg liker å øva, seier Intan.

Når ho er ledig frå skulen pleier ho hjelpa foreldra sine i deira butikk, jogga eller symja. Intan trivest på Bali.

TURISTPARADIS: Bali har lange sandstrender som lokkar til seg fem millionar turistar kvart år. Øya har likevel store problem med eingongsplast.

Mange turistar

Dei fleste på øya arbeider med turisme, til dømes på hotell og restaurantar. Utan turistar ville mange bli arbeidslause. Derfor er det viktig at turistane ikkje blir skremt vekk av bos på strendene. Styresmaktene ryddar populære turiststrender, men det er frivillige som held reint på andre strender.

– Eg meiner at det kjem litt vel mange turistar hit. Samtidig meiner eg at det er gøy til å snakka med dei. Turisme er viktig for Bali, seier Intan.

TEMPEL: I Indonesia er fleirtalet av innbyggjarane muslimar, men på Bali er dei fleste hinduar. Ved inngangen av tempelet står ein statue av verneguden for Bali om heiter Bhoma.