Generalsekretær i Mental Helse, Linda Berg-Hegglund, er førebudd på auka pågang i påska. Det skriv NRK.
Noko av grunnen til ein auke i kor mange som brukar tenestene, kan gå på at aktivitetar held stengt på raude dagar. Barn og unge kan kjenne seg aleine, og stopp i aktivitet kan skape vanskelege forhold i heimen.
– Ingen treng å stå aleine med vonde tankar, og derfor held vi opent kvar dag heile året. Alle som treng nokon å snakke med er velkomne til å ta kontakt med svartenestene, fortel Linda til NRK.
Alarmtelefon for barn og unge
Til NRK, drar Linda i hovudsak fram Hjelpetelefonen, som ein kan nå på 116 123, og chattetenesta Sidetmedord. På denne nettstaden er det veldig mange ulike kategoriar som lar deg lufte tankane dine, heilt anonymt. Du kan òg sende melding til rettleiingstenesta (veiledningstjenesten) eller chatte med dei direkte i chatboksen i nedre høgre hjørne.
For barn og unge er alarmtelefonen ei av svartenestene i landet som har opent heile døgnet, alle dagar i året. Nummeret er 116 111.
Dersom du er i utlandet, er det fleire land som har det same nummeret. Ukraina, Albania, Tyskland, Belgia, Frankrike, Luxembourg, Moldova, Montenegro, Nederland, Serbia og Austerrike brukar òg 116 111 for barn og unge. Mange andre land i verda har hjelpetelefon til barn og unge, og her er ei liste.
- Les også: Rekordmange ringde hjelpetelefonen