Dei vert alle heidra av Mattel som lagar Barbie-dukker. Dukkeprodusenten har valt ut 17 historiske rollemodellar frå ulike land.
Chloe Kim (17), som er ei amerikansk jente som vann olympisk gullmedalje i snowboarding i fjor, er ei av dukkene.
Dette er resten av dukkene som er å finne i butikkhyllene:
- Patty Jenkins, filmregissør frå USA.
- Bindi Irwin, naturvernar frå Australia.
- Nicola Adams, meister i boksing frå Storbritannia.
- Çağla Kubat, surfar frå Tyrkia.
- Hélène Darroze, verdsberømt kokk frå Frankrike.
- Hui Ruoqi, volleyballmeister frå Kina.
- Leyla Piedayesh, designar og entreprenør frå Tyskland.
- Lorena Ochoa, profesjonell golfspelar frå Mexico.
- Martyna Wojciechowska, journalist frå Polen.
- Sara Gama, fotballspelar frå Italia.
- Xiaotong Guan, skodespelar og filantrop frå Kina.
- Yuan Tan, prima ballerina frå Kina.
- Vicky Martin Berrocal, entreprenør og motedesignar frå Spania.
- Amelia Earhart, pilot frå Amerika.
- Frida Kahlo, meksikansk kunstnar.
- Katherine Johnson, afrikansk-amerikansk matematikar som jobba for NASA.
VISSTE DU AT Barbie sitt fulle namn er Barbara Millicent Roberts