Sånn er det i det verkeleg livet og folk lir, sveltar seg sjølv og tar sjølvmord berre på grunn av mobbing.
Alle må gjere ein forskjell. Ikkje berre for seg sjølv, men òg for dei som blir mobba kvar dag.
Det finst personar som kjem grinande heim kvar dag på grunn av mobbing. Det er fælt og tenkja på at nokon folk har det kjempevondt. Og i verste fall har lyst til å døy. Det har vore masse tragediar av unge folk som har tatt livet av seg.
Eg har opplevd sjølv at eg har fått nokre stygge ord slengt til meg. Eg tåler det. Men det finst folk som får høyrt det så mange gonger at dei begynner og tru på det.
Det er heilt forferdeleg.
Med hjelp av denne teksten håpar eg folk forstår kor alvorleg mobbing er, og eg har lyst til å bli med og gjera ein forskjell. Takk for meg!