- Gullballen blir delt ut av det franske fotballbladet France Football
- Prisen heiter Ballon d’Or på fransk
- Prisen går årleg til verdas beste fotballspelar
- Gullballen har blitt delt ut til menn sidan 1956 og kvinner sidan 2018
- Vinnaren blir stemt fram av fotballjournalistar frå heile verda. Éin journalist frå kvart av dei 100 landa som er best på Fifa-rangeringa for menn får stemme
- Kopa-trofeet går til den beste spelaren under 21 år
- Lionel Messi har rekorden for flest Gullballar. Han har vunne åtte gonger
Spanske Rodrigo Hernández Cascante, kjent som Rodri, vann Gullballen for herrar. Gullballen blir gitt til dei som blir stemt fram som verdas beste fotballspelarar.
Manchester City-spelaren Rodri vart i sommar kåra til beste spelar i EM, der han tok Spania heilt til topps. Han vann òg Premier League med City førre sesong.
Real Madrid-boikott
Det vart drama i samband med utdelinga av Gullballen i Paris måndag. Real Madrid boikotta utdelinga. Dei skal ha funne ut på førehand at Rodri kom til å vinne over spelaren deira Vinícius Jr.
Laget føler utdelinga ikkje respekterer Real Madrid. Real Madrid vann både «årets lag» og «årets trenar», men ingen møtte opp for å ta imot prisane.
Teamet rundt Vinícius hevdar at spelarens kamp mot rasisme kan ha robba han for prisen, skriv VG. Vinícius kom på 2. plass.
Graham Hansen nest best i verda
Erling Braut Haaland vart nummer fem og Martin Ødegaard nummer 19 i kåringa.
Best av dei norske vart Caroline Graham Hansen. Ho vart nummer to.
Ada Hegerberg kom på 14. plass.
Gullballen for kvinner gjekk til Aitana Bonmatí, som speler på Barcelona saman med Graham Hansen. Det er andre år på rad at Bonmatí blir kåra verdas beste spelar.
Ikkje overraskande var det Rodris spanske lagkamerat, stjerneskotet Lamine Yamal, som vart kåra årets unge spelar.
- Les meir om Yamal her: Yamal (16) er tidenes yngste EM-spelar