Sjokolade blir laga av kakaobønner. To av landa som produserer mest kakao, er Ghana og Elfenbeinskysten. Men det har vore svært tørt i det siste, så det er færre kakaobønner. Då blir det dyrare å lage sjokolade.
Torsdag førre veke var prisen på kakao rekordhøg i New York, skriv BBC. Den administrerande direktøren til sjokoladeprodusenten Hershey kunne ifølge BBC ikkje utelukke at dette ville føre til dyrare sjokolade i butikkane.