Demonstrasjon mot våpenloven i USA

Etter at fleire ungdomar blei drepen etter skuleskytinga i Florida har det oppstått mange demonstrasjonar for å få endre våpenloven i USA.

Det er ifølge ABC nyheter rundt 650 millionar skytevåpen i privat eige rundt omkring i verda. Omtrent halvparten av desse er i USA. Det vil seie at godt over 300 millionar våpen finst i USA. Det er like mykje våpen som det bur menneske der.

No er det mange demonstrasjonar i USA for å endre våpneloven der.

I Noreg er det ikkje alle som får ha våpen, men i USA er det lettare å få tak i. No meiner mange at det bør bli vanskelegare, for å hindre at uskuldige døyr.

Kva synest du? Bør politikarane i USA lage strengare reglar?