Hunden din bør ikkje leika med tennisball

Veterinær åtvarar mot å la hunden leika med tennisball av filt.

Veterinær og leiar for Smådyrpraktiserande veterinærars foreining, Hilde Røssland, tilrår ikkje leik med ein tradisjonell tennisball. Ho ville heller valt ein ball som ikkje har filt.

– Filten i tennisballane kan slipa ned emaljen på tennene til hunden, og dermed laga skadar på tennene, seier ho til TV2.no.