Nesten ingen av dei ressursane me bruker i Noreg kvart år blir brukte på nytt. I tillegg er mykje av det me eig laga av materiale som ikkje kan resirkulerast. Viss heile verda skulle hatt like høgt forbruk som oss, så hadde me trunge heile 3,6 jordklodar. skriv Ung.Forskning.no.
Løysinga kan vera det forskarar kallar sirkulærøkonomi.
– Det handlar om å halda materiale og ressursar i bruk så lenge som mogleg og å bruka dei om igjen, seier Helene Øyangen Lindberg frå forskingsinstituttet SINTEF til Ung.Forskning.no.
Ho meiner det er viktig at me lærer å reparera og bruka på nytt det som allereie finst. Då slepp me å ta nye råvarer frå naturen kvar gong me skal laga noko.
Må me slutta å shoppa?
– Når det gjeld klede så er fast fashion eit kjempeproblem fordi produkta ikkje er designa for å vara lenge. Så dei som kjøper flest klede må nok byrja å kjøpa litt færre, seier Lindberg.
Kleda er ofte laga av dårlege materiale som inneheld plast og kjemikaliar som kan vera giftige for menneske og miljø.
– Viss me kjøper noko som me veit skal vara veldig lenge, så toler me kanskje å betala litt meir for det, seier ho.