Dette skal ein læra på skulen innan:
- trinn:
– reflektera over samanhengen mellom personleg økonomi og forbruk hos den enkelte
- trinn:
– reflektera over korleis kommersiell påverknad kan verka inn på forbruk, personleg økonomi og sjølvbilete
– laga og vurdera budsjett og rekneskap ved å bruka rekneark med cellereferansar og formlar
– Eg tenkjer mykje om pengar og framtida. Eg tenkjer på korleis eg skal klara å betala for bensin, husleige, mat og alt eg treng når eg blir vaksen, seier Jimmy Bakke (11) i 6. klasse på Tysnes skule.
Framtida Junior er på besøk i 6. klasse på Tysnes skule. Elevane som me snakkar med kan godt tenkja seg å læra meir om pengar, sparing og korleis ein kan tena pengar.
– Det er lurt å ikkje bruka meir enn ein tener, seier Even Bergesen (11).
– Det er veldig bra å læra om pengar på skulen, slik at ein kan ha eit bra liv og slepp å bli fattig, legg Jimmy til.
– Dårlege vanar går i arv
Hilde Elisabeth Johansen er fagsjef i Finans Norge, organisasjonen for alle bankane i Noreg. Ho seier til E24 at ho gler seg over at personleg økonomi har blitt ein del av pensum på skulen, men skulle gjerne sett meir av det i undervisinga.
– Dette feltet treng dei unge kunnskap om uansett kva dei skal jobba med seinare i livet. Dårlege pengevanar går ofte i arv. Det er med på å skapa eit klasseskilje i samfunnet. Den kunnskapsforskjellen vil me utjamna, seier ho.
Les saka: Dette svarar kunnskapsministeren om pengar på pensum!