Slik sel du tinga dine på Finn.no 

Har du ting du ikkje brukar meir? Sel dei på Finn og la andre få glede av dei. Ein smart måte å tena litt ekstra sparepengar på!

  1. Klikk på +Ny annonse i menyen øvst på www.finn.no.
  2. Opprett brukarkonto hos Schibsted eller logg inn dersom du har ein konto. Det er fint å be ein vaksen om hjelp til dette.
  3. Vel “Torget” for å selga klede, leiker, elektronikk og andre ting.
  4. Vel “privat” annonse.
  5. Fyll inn alle felta, skildring og legg til bilde.
  6. Nedst på sida følgjer du betalingsrettleiinga for å publisera annonsa. Det er gratis å annonsera på Torget. Då ligg annonsa der i 60 dagar.

 

NB: Er du under 15 år? Då må du få hjelp av foreldra dine til å selge tinga, då det er 15 års aldersgrense for å bruka Finn.