Dette er den beste kommunen for barn og unge

Unicef i Noreg kårar Tokke kommune i Vestfold og Telemark til den beste i Noreg for barn og unge.

Det er andre året på rad at Tokke i Vest-Telemark kjem på førsteplass i Noreg. Namsskogan i Trøndelag og Sør-Elvdal i Innlandet kjem på dei neste plassane.

Unicef har sett på barnehage, skule, barnevern, helsetenester og kulturtilbod i alle kommunane i landet.

Klepp, Bærum og Nittedal på botnen

Samtidig hamnar Klepp kommune i Rogaland nedst i årets analyse, etter Bærum og Nittedal. Åtte av dei ti kommunane på botn ti-lista tilhøyrer Viken fylke.

– Det skal ikkje vere adressa som avgjer kva liv eit barn i Noreg får. Alle barn har lik rett til ein trygg og god oppvekst, ifølgje Barnekonvensjonen. Dei store sprika i både kvalitet og type tenester kommunane tilbyr barn og unge, er dessverre noko vi har sett i fleire år, seier Kristin Oudmayer i Unicef Norge i ei pressemelding.

10 på topp kommunar for barn og unge:

  1. plass: Tokke, Vestfold og Telemark
  2. plass: Namsskogan, Trøndelag
  3. plass: Stor-Elvdal, Innlandet
  4. plass: Lyngen, Troms og Finnmark
  5. plass: Høylandet, Trøndelag
  6. plass: Sørfold, Nordland
  7. plass: Nore og Uvdal, Viken
  8. plass: Bykle, Agder
  9. plass: Heim, Trøndelag
  10. plass: Åseral, Agder