Prins William og hertuginne Kate er i Noreg

Det britiske hertugparet er i Noreg for å snakke om blant anna mobbing.

NRK.no skriv at hertugparet er i Oslo og skal diskutere identitetsproblem, mobbing, seksuelle overgrep og eteforstyrring.

KANINEN: Denne statuen står i Prinsesse Ingrid Alexandras skulpturpark. (Foto: Skjermdump/YouTube).

William og Kate skal også på omvisning i prinsesse Ingrid Alexandra sin skulpturpark. Dette er ein park som ligg i sjølve slottsparken. Fleire av skulpturane er teikna av barn, som handverkarar har laga skulpturar av.

Det britiske hertugparet skal også på skulen der ungdomserien Skam blei spelt inn. På Hartvig Nissens skole i Oslo. Der skal hertugparet møte nokre av Skam-skodespelarane, elevar og lærarar for å diskutere utfordringar elevar møter.