Dei to landa har vore i konflikt med kvarandre sidan Korea-krigen i 1950. Difor er det heilt spesielt at dei no slår laga saman i OL.
Dei tolv representantane frå Sør-Korea er dei fyrste som reiser på eit offisielt besøk til nabolandet på to år, ifølgje det sørkoreanske nyhendebyrået Yonhap.
Nyttårstale
Det heile starta då Nord-Koreas sportsinteresserte leiar Kim Jong-un heldt tale til nyttår. Då sa han nemleg at dei vurderte å sende deltakarar til OL.
Den internasjonale olympiske komité godkjende like etter, at Sør- og Nord-Korea kunne stille med eitt felles ishockeylag for kvinner.
– Dagen i dag markerer ein milepæl på ei lang reise, sa IOC-sjef Thomas Bach.
SJÅ VIDEO: Fox News/YouTube