Melodiar er betre enn pip-pip-tonar, ifølgje to australske forskarar frå RMIT universitetet i Australia. Dei meiner nemleg at dei har funne svaret på kva som er den perfekte alarmtonen, skriv Ung.Forskning.no.
Dei to forskarane skriv at alarmlyden me vaknar til kan påverka kor god oppvakninga blir. Og at rett alarmtone kan vera bra for å halda seg meir vaken dei neste timane. Konsentrasjonen blir også betre, hevdar dei.
Harmonisk melodi
Ifølgje forskarane finst det betre lydar enn pip-pip å vakna opp til. Til dømes ein melodi ein likar og får lyst til å nynna i takt til.
I ein studie der dei undersøkte 50 personar fant dei ut at jo meir harmoniske deltakarane opplevde melodien dei vakna av, jo mindre trøytte følte dei seg etterpå. Når ein melodi er harmonisk, kling han godt og er behageleg å høyra på.