Jakob og Neikob og Alle Andre

Dette er den femte boka om Jakob og Neikob, og i denne forteljinga får vi også møte Masekob, som meiner at Neikob bør bli som Alle Andre.

– Neikob, er du lei deg?
– Nei, eg er lei MEG, svarer Neikob. – Eg vil bli som Alle Andre.
– Veit du kven Alle Andre er, da? spør Jakob.
– NEI. Blir du med og finn han?
– JA, svarer Jakob.

Så får vi bli med på leitinga etter Alle Andre, på bussen, i havet og i verdsrommet. Akkurat når dei nesten har gitt opp leitinga finn dei han. Og dei finn ei klonemaskin. Korleis går det med Neikob no, skal tru? Går det an å bli så lik Alle Andre at ein misser seg sjølv?

Som i dei andre fire bøkene om Jakob og Neikob har også denne boka mange lag og kan lesast på mange nivå.

Bok:
Forfattar: Kari Stai
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2018
Sider: 36
Passar for: 3-14 år

Andre bokmeldingar