Svartedalen

Mysteriet om Svartedalen er ei spennande og småskummel historie.

Det er sommarferie. Alle dei andre ungdommane har reist til Syden eller andre spennande stader. Hovudpersonen vår er på sommarferie i Kapteinshuset saman med foreldra sine. Kan det verte kjedelegare?

Slik startar forteljinga om mysteriet i Svartedalen. Hovudpersonen er ein gut i ungdomsskulealder. Han får høyre historia knytt til Kapteinshuset, dette staselege huset som vart bygd av den rike Kapteinen, og som far hans no har arva. Historia fortel også at Kapteinen vart teken av dage i Svartedalen. Han tek til å lure på kva som eigentleg er med Svartedalen. Kvifor er det ingen som går dit?

Etter kvart hender det mange mystiske ting som det er vanskeleg å finne ei naturleg forklaring på, både i Svartedalen, i Kapteinshuset og i bygda elles. Og så var det denne vakre og spennande jenta då, Julie, med det ramnsvarte håret og dei grøne auga. Henne skulle han gjerne verte kjend med.

Bok:
Forfattar: Atle Hansen
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2015
Sider: 111
Passar for: 9-12 år

Andre bokmeldingar