Varehuset

Varehuset er ei skummel bok i Leseland-serien.

Ester har funne draumekjolen. Ho passerer han i butikkvindauget kvar dag på veg til skulen. Ein dag går ho inn i butikken, tek med seg kjolen til prøverommet og prøver han på. Han sit som eit skot. Ester beundrar kjolen i spegelen og drøymer seg heilt vekk. Plutseleg oppdagar ho at senteret er stengt og ho er aleine igjen i butikken.

I byrjinga tykkjer ho ikkje det er så farleg. Det er nesten litt spennande å vere aleine med alle varene og ikkje minst godteriet. Men etter ei stund oppdagar ho at ho kanskje ikkje er aleine likevel, og ting blir med eitt mykje skumlare.

Bok:
Forfattar: Petrus Dahlin
Forlag: Samlaget
Utgjevingsår: 2017
Sider: 60
Passar for: 6-9 år

Andre bokmeldingar