I etterkant av det store jordskjelvet og den påfølgjande tsunamien som ramma øystaten Tonga, er kysten av Peru blitt hardt ramma av eit stort oljeutslepp.
Då den underjordiske vulkanen i Tonga hadde eit utbrot, laga den massive bølgjer som reiste rundt halve jordkloden, og til slutt enda opp på kysten av Peru.
I Peru krasja bøljene rett inn i eit oljeraffineri, noko som førte til at massive mengder oljesøl har hamna i havet. Styresmaktene i landet har uttalt at minst 6000 fat olje er på avvege.
Hår kan tørka opp olje
Derfor donerer no menneska i Peru håret sitt, slik at det kan brukast til å fylla store bøyer, skriv BBC.
Håret kan nemleg hjelpa til å tørka opp olja som har hamna i Stillehavet, og er eit miljøvennleg alternativ til andre typar hjelpemiddel, som mellom anna svampar.
Fordi håret avviser vatn, men samlar opp olje og andre ekle ting som flyter i vatnet, er altså hårdonasjonar til god hjelp. Kult, hæ?