Vil at det skal vera 50 prosent norskdyrka grønsaker i butikkane

Minst halvparten av all frukt og grønt i butikkane skal vera dyrka i Noreg. Det har Forum for norsk grønt og dei tre store dagligvarekjedene bestemt.

– Det er kjærkomme at daglegvarekjedane forpliktar seg til ein sånn avtale framover, seier leiar for Forum for norsk grønt, Arne Kristian Kolberg, til Nationen.

GIF: Gophy.com

Målet er å auka norskdelen med 50 prosent fram mot 2035. Både Norgesgruppen, Rema 1000 og Coop er med på avtalen.

I dag er snautt 40 prosent norskprodusert.

Det var NTB som fyrst omtala saka.