Sender fly til Tonga for å sjekke skadane etter vulkanutbrotet

New Zealand og Australia har sendt fly for å vurdera skadane etter det enorme undersjøiske vulkanutbrotet og tsunamien som ramma Tonga laurdag.

Til no har det vore umogleg å senda overvakingsfly til stillehavsnasjonen Tonga på grunn av tjukk oske, skriv NRK.

Måndag kunne endeleg fleire overvakingsfly ta av frå New Zealand og Australia. Dei skal no vurdera skadeomfanget på Tonga, melder The Guardian.

Får ikkje kontakt med alle øyane

New Zealands statsminister Jacinda Ardern sa på ein pressekonferanse søndag at det ikkje er etablert kontakt med kystområda i Tonga, utanføre hovudstaden Nuku’alofa. Det er ingen offisielle meldingar om dødsfall, men uvissa rundt dette er stor. Røde Kors er spesielt bekymra for dei ytre øyane av øystaten.

LES OGSÅ: «Overleve: Vulkanen vaknar»: Ein spenningsroman til ettertanke

Utbrotet varte i åtte minutt og sende ei sky av gass, oske og røyk fleire kilometer opp i lufta. Eit smell kunne høyrast så langt unna som til Alaska og utbrotet utløyste ein tsunami på 1,2 meter.

Tonga ligg mellom New Zealand og Hawaii og består av 172 små øyar. Landet har litt over 100.000 innbyggarar.