– FNs barnekonvensjon er ei avtale som FN laga i 1989. Alle land i verda, sett bort i frå USA, har sagt at dei vil følgja barnekonvensjonen. Derfor er det den mest populære menneskerettsavtala i verda, seier Kirsten Kolstad Kvalø.
Ho jobbar som seniorrådgivar i Norges institusjon for menneskerettigheter og fortel at det er mange lover i Noreg som er endra slik at landet vårt kan følgja barnekonvensjonen.
– Til dømes har Noreg gjort slik at dei som er under 18 år når dei gjer kriminelle handlingar, ikkje må sona i fengsel om det ikkje er heilt naudsynt. Noreg har også endra mange lover slik at barn sine meiningar skal bli høyrt, i saker som gjeld dei. Over heile verda har barnekonvensjonen hatt stor påverknad, gjennom til dømes skulegang, helsehjelp, og at den har fått statane til å gjere det klart at det ikkje er lov til å slå barn, seier ho.
Les også: Fire om menneskerettar: – Me kan vera greie mot alle
Mobbing er eit menneskerettsbrot
Sjølv om dei fleste vaksne er flinke til å ta vare på barn sine rettar, er det nokre som synest at andre ting er viktigare. Derfor laga FN i 2011 ei tilleggsavtale som gir barn rett til å klaga til FN sin barnekomité, dersom eit land ikkje følgjer barnekonvensjonen.
– Men denne avtalen ville ikkje Noreg vera med på. Det meiner me er dumt, fordi det er jo ingen vits i å ha rettar om ein ikkje kan klaga når dei vert brotne.
Kolstad Kvalø nemner fleire eksempel på menneskerettsbrot som barn i Noreg opplever.
– Det er staten sitt ansvar å passa på at mobbing ikkje skjer, og når skulen ikkje gjer det dei skal, er det brot på rettane. Det er også born som ikkje får vera med på fritidsaktivitetar på grunn av at dei sit i rullestol eller har andre funksjonsnedsetjingar. Og så er det ikkje alltid at Noreg passer på rettane til barn som kjem til Noreg som asylsøkarar.
Dette kan du gjera
Viss du kjem i ein situasjon der du meiner at menneskerettane dine vert brotne, er det fleire ting du kan gjera.
– Du kan ta kontakt på Barneombodet sine heimesider, og så kan dei fortelja deg kva du kan gjera vidare. Men det beste er nok å spørja ein vaksen som ein stoler på om hjelp, fortel Kolstad Kvalø.
Dersom det skjer noko som er farleg for deg sjølv eller eit anna barn, eller om du ikkje har vaksne i livet ditt som du stolar på, kan du ta kontakt med Alarmtelefonen.
– Dei er tilgjengeleg på telefonnummer 116 111, og kan hjelpa deg.